- Øydeleggingane her i vesle Utvik er heilt enorme. Staten vilvurdere å gå inn med ekstramidlar, sa olje og energiminister TerjeSøviknes onsdag ettermiddag.

Olje og energiminister Terje Søviknes har ansvaret også for ras ognaturbaserte ekstremsituasjonar i kongeriket Norge. Onsdag imiddagstider kom ministeren med helikopter til den flaumråka bygdaUtvik i Stryn kommune. Han landa nærast midt oppi vrakrestaneetter ekstremflaumen natt til sist måndag.

- Enorme krefter

- Deteg her får sjå gjer eit veldig inntrykk. Naturkreftene kan vereheilt enorme, når dei slepp seg laus som i dette tilfellet, seierSøviknes til smp.no.

Han besøkte først bygdelaget Bruland, ca. tokilometer vest frå Utvik sentrum. Der var eit gardsbruk nestenutsletta av skadane. Likevel fekk ministeren låne tørrevernestøvlar her, til den vidare turen gjennom sentrum.

Vanskeleg å varsle

Og vernestøvlar kan nesten trengast, alle skadene ervanskeleg å skildre oppetter fjellsida her. Nokre isynfaringsfølgjet er kritiske til at eit slikt ekstremver ikkje kanvarslast betre på førehand.

- Mi oppfatning er at det vil verenesten uråd å vere presis på melding av eit så ekstremt lokaltekstremver som i dette tilfellet. Det er ikkje gitt korkjemetereologar eller lokalkjende, vurderer Søviknes.

Vil vurdere statshjelp

Til det uunngåelege spørsmålet om staten no er villigtil å gå inn med ekstramidlar for å rydde opp, er ikkje ministerenkorkje konkret lovande - eller direkte avvisande.

- No må visnarast inn i ein diskusjon om korles ein best bør gripe dette anfor å få basisfunksjonane i bygda opp og gå att. Dernest kjemdiskusjonen om finansering. Det gjeld så vel vegstrukturen som alledei andre tinga. Eg ser ikkje bort frå at staten kjem til å gåekstra inn her, sa Søviknes.

Innser klimaendringar

Olje- ogenergiministeren varsla samstundes at han ikkje forkastar tankaneom konkrete og høgst merkbare klimaendringar også i Norge.

- Nei, eg er dessverresikker på at vi vil få sjå fleire utslag av ekstremver i landetvårt i tida framover, som ein konsekvens av klimaendringar, medgjevSøviknes.

- Må auke førebyggjinga

I forlenginga av denne utsegnavarslar han også auka satsing på førebyggjande tiltak fråmyndigheitene.

- Det er no heilt klart at vi må aktivt inn og aukeførebygginga i mange vassdrag, ikkje minst i mange små og brattevassdrag.

Møtte dei hardast råka

- Siste åra har løyvingane til NVEauka gradvis, og er no oppe på 385 millionar kroner siste året,påpeikar Søviknes. Han tok seg onsdag god til til å møte fleire avdei hardast råka etter skadeflaumen i Utvik. Han hadde også eitlukka møte med ordførar Sven Flo og ulike etatar innan berging ogberedskap i Stryn kommune.