Landsskyttarstemnet 2017 opnar fredag, og for fjerde gongsidan 1988 blir stemnet arrangert i Førde, med Førde skyttarlag somarrangør.

4.700 deltakarar og til saman 13.000 besøkande er venta istemneperioden fram til fredag 4. august.

- For første gang er over 20 prosent av deltakarane kvinner, og i dei yngsteklassane er jenteandelen stigande. I rekrutteringsklassene har detno blitt overrepresentasjon av jenter på seierspallane. Dette skjersjølv om gutane framleis er i fleirtall blant skyttarane, seierkommunikasjonssjef i Det frivillige Skyttervesen, Terje Vestvik,som synest dette er ei svært gledeleg utvikling av skyttersporten.

To kvinner har vunne LS og fått tittelen skyttardronning, sist påLesja i 2015. Landsskytterstemnet i Førde er nummer 119 sidan Detfrivillige Skyttervesen vart oppretta.

I fjor gjekk Landsskyttarstemnet i Øverbygd i Nord-Troms. JuniorenJohanna Reksten og pappa Leiv (klasse V55) frå Nordbygda og Randskyttarlag var dei som totalt sett stod for dei beste resultata avvåre lokale skyttarar. Johanna hadde fleire gode plasseringar i deiulike skyteøvingane. Den beste plasseringa kom på øvingaFelthurtigheit, der det vart 4. plass med tida 11.63, noko som gavbeger.

Leiv Reksten gjorde det svært sterkt i finalen ibaneskyting, 200 meter. Her enda han som nummer fire og fekksølvmedalje etter resultatet 346. Også i Felthurtigheit gjordeskyttarveteranen det skarpt med 2. plass og tida 9.62.

Geir MagneMuldsvor (Hornindal og Markane) vart i fjor nummer 25 i finalen i100 meter bane i juniorklassen. I finalen i finfelt V65 vartstryningen Svein Hoem nummer 39 etter resultatet 40/7.

SandraFrøholm frå Innvik og Utvik Skyttarlag fekk 24. plass og medalje iklasse Eldre rekrutt.