Pressemelding frå Statens vegvesen

Mellombels bru på plass i Utvik.

Det er no lagt ned ei mellombels bru over Storelva nord for Utvik sentrum i retning Stryn. Dette opnar for lokal tilkomst til og frå Utvik sentrum og nedre delar av Utvik, samt til fylkesveg 725 utover til bygda Tistam.

Fylkesveg 60 Utvikfjellet.

Vegen vidare oppover bygda i Utvik mot Utvikfjellet har fått store og omfattande skadar. I retning Byrkjelo er fv 60 stengd sør for Utvik sentrum, på begynninga av oppstiginga mot Utvikfjellet. Her må store fyllingar og heile vegkroppen byggast oppatt, i tillegg til at ein må bygge ny bru. Vegen her vil vere stengd i lang tid, truleg i fleire månader.

Framleis stengt for gjennomgangstrafikk.

All gjennomgangstrafikk frå Byrkjelo til Stryn må nytte omkøyring via ferjesambandet E39 Anda - Lote også i tida framover.

Grunna arbeid med sikring av utvaska og ustabil vegfylling sør for Karistova har vi ikkje kunna hatt open veg over fjellet til Utvik. Fylkesveg 60 vil bli opna for lokaltrafikk mellom Byrkjelo og vegsperringa ved Øvre Utvik på fredag. Det er ikkje snuplass for større bilar ved vegenden ved Øvre Utvik.

Turisttrafikk

Ein stor del av trafikken på strekninga Byrkjelo-Stryn om sommaren er turistar på veg til turistbygdene Loen og Olden i Stryn. For å komme til desse stadane må ein no køyre fylkesveg 60 frå Stryn, og tilbake same vegen.