Statens vegvesen melder i ei pressemelding torsdag at ordninga med omkøyring for lette køyretøy gjennom Utvik blirutvida. Etter å ha starta med ein time gjennomgangstrafikk på den midlertidige omkøyringsvegen fire gongar pr. dag, vert det frå fredag morgon kl 07.00 kontinuerleg kolonnekøyringfor bilar inntil 3,5 tonn. Omkøyringsvegen vil vere open mellomklokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil.Det kan bli ventetid i periodar.

- Vi har hatt gode erfaringar medopning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og har fåttavvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvideordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Den midlertidige vegen som går gjennom Hage er å rekne som einvegskøyrt, og det blirdifor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil.

- I starten kanskiltinga vere noko misvisande enkelte stader, då det kan ta litttid å få oppdaterte skilt på plass. Reparasjonsarbeidet i Utvik gårframleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskalebrukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på medmasse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekningaog gjerast plastringsarbeid. I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik,vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her erdet strekningar med utvaska og svake vegkantar som trengreparasjon, opplyser Finden..