Fredag morgon vert det opna for kontinuerleg gjennomkøyring med ledebil i Utvik.
(Foto: Statens vegvesen)

Fredag morgon vert det opna for kontinuerleg gjennomkøyring med ledebil i Utvik. Foto: Statens vegvesen

Utvidar opningstid gjennom Utvik

Kontinuerleg kolonnekøyring for lette køyretøy

Statens vegvesen melder i ei pressemelding torsdag at ordninga med omkøyring for lette køyretøy gjennom Utvik blir utvida. Etter å ha starta med ein time gjennomgangstrafikk på den midlertidige omkøyringsvegen fire gongar pr. dag, vert det frå fredag morgon kl 07.00 kontinuerleg kolonnekøyring for bilar inntil 3,5 tonn. Omkøyringsvegen vil vere open mellom klokka 07.00 og 21.00, med kontinuerleg kolonnekøyring med ledebil. Det kan bli ventetid i periodar.

- Vi har hatt gode erfaringar med opning for gjennomkøyring fire gongar i døgnet, og har fått avvikla ein del massetransport. Det gir oss rom for å utvide ordninga, seier avdelingsdirektør Svenn Finden i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Den midlertidige vegen som går gjennom Hage er å rekne som einvegskøyrt, og det blir difor framleis styrt trafikkavvikling og ledebil.

- I starten kan skiltinga vere noko misvisande enkelte stader, då det kan ta litt tid å få oppdaterte skilt på plass. Reparasjonsarbeidet i Utvik går framleis for fullt, og entreprenør er godt i gang med å forskale brukaret som skal reparerast. Utvaska strekningar er fylt på med masse, og det skal støypast støttemur langs ein del av strekninga og gjerast plastringsarbeid. I tillegg til anleggsarbeidet i Utvik, vil det føregå arbeid på strekninga Byrkjelo – Utvikfjellet. Her er det strekningar med utvaska og svake vegkantar som treng reparasjon, opplyser Finden..

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Vil kjøpe dette bygget

Drivar av "Løvland - spiseri og pub" vil ekspandere på Grodås

Ny rapport viser at komande vegprosjekt i NTP kan ryke:

Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

E39 Byrkjelo - Sandane er i fare, ifølge ny rapport. Strynefjellsvegen er ikkje nemd

Forsinka drikkevatn til Nordsida

Etter planen skulle 115 vassabonnentar på Nordsida bli påkopla etterlengta nytt drikkevatn i løpet av juni, men for dei fleste har vatnet enno ikkje kome i kranane.

Her opnast det for tungtransport

- I løpet av eit par dagar vil vi opne for tungtransport gjennom Utvik, seier Statens vegvesen onsdag kveld

Martine Lefdal (23) frå Stryn er dagleg leiar på Riva Italia

Spennande kvardag og mykje arbeid

- Kan ha bru klar om ei veke om det er vilje til det

Nye klare ønske for veg og bru i Utvik

Raskare opning av fv 60 gjennom Utvik også for vogntog. Bruer som er sikre mot neste storflaum. Det var to klare ønske i onsdagens vegmøte i Stryn.

Vil kjøpe dette bygget

Drivar av "Løvland - spiseri og pub" vil ekspandere på Grodås

Ny rapport viser at komande vegprosjekt i NTP kan ryke:

Fleire vegprosjekt trua av enorm kostnadsauke

Forsikringsselskap besøkte Utvik

- 40 skadeforhold så langt