Statens vegvesen opna kl 14.00 i dag omkøyringsvegen gjennom Utvik for alle køyretøy inntil 15 meters lengde. Det betyr at også turistbussar og lastebilar utan hengar kan køyre gjennom. Vegen er opna for kontinuerleg kolonnekøyring, heile døgnet.

- Vi har no fått tilstrekkeleg oversikt over skadarog fått utbetra det som er nødvendig for at vi kan setje på tyngretrafikk. Det er mykje skadar på vegen over Utvikfjellet i tilleggtil skadane i området rundt bruene. Det er skadar som svekkarbæreevna til vegen. Dette har vi no kontroll over og kan setje påtyngre og lengre køyretøy, seier avdelingsdirektør Svenn Finden iStatens vegvesen i ei pressemelding.

Vegen er å rekne som einvegskøyrt, og det blirdifor styrt trafikkavvikling og ledebil. Bilistane må rekne medventetid på inntil 1 time.

- Det står framleis skil langs vegane som fortel at fv 60 er stengt ved Utvik. Når vert desse skilta byta ut?

- Det skjer fortløpande. Vi vil heller opne no enn å vente til alle skilt er på plass. Men lystavla i Stryn vert endra no umiddelbart, så vil vi rette opp skiltinga langs vegnettet elles fortløpande, seier Finden til Fjordingen.

Richard Grov som har vore ein av dei største kritikarane mot stenginga gjennom Utvik er svært godt nøgd over nyheita om at vegen no er open, i prinsippet for alle køyretøy enn vogntog.

- Dette er veldig gledeleg å høyre. Det er særs viktig at bussar også kan passere, i tillegg til lastebilar opp til 15 meter. Dette betyr veldig mykje for eit samla reiseliv og næringsliv som lever av handel langs fjorden, seier Richard Grov.

Han meiner vegvesenet etter kvart bør vurdere å byte ut ledebil med lysreguelring, og vonar og at skiltinga langs vegnettet vert endra slik at trafikantane igjen får beskjed om at dei kan køyre gjennom Utvik.

Fv 60 ovanfor svingane ved Hage har grusdekke, og vil vere anleggsområde i lang tid framover sjølv om det no vert sett på trafikk med ledebil. Foto: Bengt Flaten