Personar med høg hushaldsinntekt og/eller høg utdanning nyttar segi større grad av stemmeretten enn andre grupper i befolkninga,skriv SSB.

Basert på tal frå førre stortingsval slår Statistisksentralbyrå (SSB) også fast at det er personar i dei lågasteutdannings- eller inntektsgruppene som brukar stemmeretten minst.Blant personar med berre grunnskuleutdanning deltok berre 65prosent i valet der Erna Solberg vart statsminister, mens talet fordei med høgare utdanning er 90 prosent.

I levekårsundersøkinga 2013vart veljarane også spurde om kor stor tilliten var til detpolitiske systemet. Her kom det fram at den er lågare blant dei medlåg inntekt og høgare blant personar med høg utdanning enn blantpersonar med låg utdanning. Tala viser også storealdersforskjellar. 78 prosent av dei røysteføre stemte ved førreval, men talet er berre 65 prosent blant unge mellom 18 og 25 år,mens det er 83 prosent for dei som var 45 år eller eldre.

–Tidlegare undersøkingar har vist at deltakinga er særleg låg blantunge tidleg i tjueåra, mens 18-åringane deltar i noko større grad,seier Mari Lande With, rådgjevar ved seksjon for levekårsstatistikki SSB.

Geografisk sett skil Oslo og andre storbyar seg ut somområda der størst del nyttar seg av stemmeretten, og der størst delhar tillit til det politiske systemet. SSB understrekar likevel atforskjellane i valdeltaking etter kor ein er busett er relativtsmå.

(©NPK)