Claus Hermansen, næringsdrivande i Utvik, blokkerte på eige initiativ fylkesveg 60 i Utvik for all trafikk i ein snau time frå klokka 14.50 fredag ettermiddag. Omkøyringsvegen i Utvik opnast for tungtrafikk klokka 16 fredag ettermiddag.

Bakgrunnen for at Hermansen blokkerte vegen skal vere frustrasjon over å ikkje bli høyrd og store tap i omsettinga i kafeen han driver.

- NVE og Statens vegvesen høyrer ikkje på oss. Dei vel no billegaste løysing ved å sleppe trafikken forbi ved Hage og reparere den gamle brua frå krigen, så gløymer dei Utvik. Dei kunne ha satt opp ei alternativ bru for ein månad sidan. Det blir på ingen måte lagt til rette for oss driver næringsverksemd i Utvik. Det er vi som har det verst, sier Hermansen om kvifor han aksjonerte.

- Eg har brukt eit år å bygd opp kafeen, og no er det full stopp i omsettinga, seier han.

Han meiner dessutan at vegen gjennom Hage ikkje vil tole belastninga som tungtrafikken legg på vegen.

Kø Det vart raskt lange køar. Foto: Roger Oldeide

- Den kjem til å vare ei veke, så sprekk den opp, meiner han.

Klokka 15.45:

Hermansen gir seg etter at det har danna seg lange køar i begge retningar.

- Eg gir meg no, det kan vere sjukebilar som må igjennom, sa han.

Det var ikkje mange sambygdingar i Utvik som var med på aksjonen. Nokre meinte den var lite gjennomtenkt, andre hadde forståelse.

- Eg forstår han veldig godt. Det leggast til rette for næringslivet i resten av Stryn, men i Utvik har det vore full stopp i næringslivet sidan flaumen, seier Anny Valaker Njøsen.