Eit vogntog stod fast i ein sving ved Hage i Utvik, og det var kø i begge retningar. Vegen hadde nyleg opna for tungtransport, og det var vogntog nummer to som prøvde seg på den alternative vegen som altså køyrde seg fast.

- Er denne private vegen dimensjonert for dette?

- Vi testkøyrde eit vogntog på denne vegen og det gjekk bra, men fredag vart det stopp på vogntog nummer to, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden til Fjordingen.

Kranbil fekk løyst problemet etter vel ein time.

Statens vegvesen opna for tungtrafikk på denne private vegen i dag. Nokre uttrykte stor glede for at vegen opna for tungtrafikk, medan andre aksjonerte med å sperre fylkesvegen.