Bygg- og anleggsfag ved Stryn vidaregåande skule har i år hatt stor søknad og har fått ein ekstra klasse. Det same gjeld helse- og oppvekstafag.

Mellom elevane på VG1 Bygg og anlegg finn vi Lars Midhjell Gjørven (22), Eskil Kveen (17) og Johan Teigum Ytreeide (17).

Kor vidt dei ønskjer å gå vidare og ta høgare utdanning i same retning seinare veit dei ikkje, det er i alle fall ikkje det som er målet i første omgang. Målet er å ta fagbrev.

– Eg tek sikte på betongfaget, fortel Lars Midhjell Gjørven. Den tidlegare skiskyttaren har frå før fullført allmennfag med idrett, men har i år sett seg på skulebenken igjen for å ta til på eit yrkesfag.

VG1 bygg- og anleggsteknikk B ser på verkstaden: Frå h. lærar Gunnar Fivelstad, Jakob Haugen Vinsrygg, *Robert Sunde Rye, Vegard Vinsrygg Steen, Marius Olai Seljeset, Jack Pongsakun, Aleksander Vollan Skeistrand, Eskil Kveen, Kent Ove Sæten, Johan Teigum Ytreeide, Kjetil Myklebust, Ole-Kristoffer Sørland og Lars Midthjell Gjørven.

Eskil Kveen siktar seg inn på anleggsfag.

– Eg likar å gjere praktiske ting, så difor søkte eg meg inn her. Det er anleggsbiten som interesserer meg mest, seier Eskil Kveen.

Johan Teigum Ytreeide ønskjer seg inn i byggebransjen.

– Det er bygg eg har lyst til å drive med. Så eg siktar meg inn på fagbrev som tømrar, seier han.