Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opna i dag den nyoppretta landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

Noko tradisjonell snorklipping vart det ikkje på Ullsheim, snarare måtte statsråden få ned alle fem blinkane før landslinja kunne erklærast for opna.

Om det ikkje vart "fem rett ned" på Røe Isaksen, så viste han imponerande skyteferdigheiter då han greidde seg med berre eitt ekstraskot.

- Miljøet har vist at Stryn får fram idrettsglede og store idrettsutøvarar. Fasilitetane er på plass, og denne linja skal vere eit landsdekkande tilbod. Det er no jobben verkeleg startar, sa Røe Isaksen.

Du kan lese meir om opninga av landslinja og kunnskapsministeren sitt besøk ved Stryn vidaregåande skule i papirutgåva.