I den smale passasjen mellom Petit frisør og Stryn bokhandel i Tonningsgata i Stryn sentrum, har det forsvunnet eit kumlokk natt til søndag.

- Dette har skjedd i løpet av natta. Den som har fjerna kumlokket må ha lagt ned litt innsats, men eg kan ikkje forstå poenget, seier Roger Frøholm som eig bygget der Stryn bokhandel høyrer til.

Han har no lagt ein palle over holet.

Ved Tonningsgata Eit kumlokk manglar ved Stryn bokhandel i Stryn sentrum. Foto: Roger Oldeide

- Det var ikkje sikra rundt holet så eg trur loket er stole. Om det ramlar eit born ned i holet så går det riktig galt, seier Olga Eikenes som tipsa Fjordingen om saka.

Politiet har ikkje fått meldingar om dette søndag, men viser til Statens vegvesen. Vegvesenet har ikkje kjennskap til saka, men seier det er krevjande å fjerne eit kumlokk.

- Vi vil undersøke saka og iverksette tiltak for å erstatte det. Det kan ikkje stå ope, seier trafikkoperatør i Statens Vegvesen, Ken Ove Holm til Fjordingen.

Har du opplysningar om saka, så ring Fjordingen på tlf. 40402140