- Forholdet er svært trafikkfarleg

Rikhaldig rapport etter storbilkontroll ved Kjøs

Statens Vegvesen hadde storbilkontroll ved Kjøs søndag og av rapporten var det mykje å utsette.

Eit vogntog fekk køyreforbod og bilfører vart anmeldt fordi opninga mellom last på lastebilen og framvegg på tilhenger var så liten at vogntoget ikkje kunne svingast skikkeleg.

- Forholdet er svært trafikkfarleg, heiter det av rapporten.

Vidare fekk ein lastebileigar kr 8.000 i gebyr for manglende bombrikke. To lastebileigarar hadde ikkje utført periodisk kontroll på tilhengarene sine slik at desse vart avregistrerte.

- Begge må godkjenne tilhengarene, og betale påskiltingsgebyr på 1540,- for å på igjen kjennemerkene, opplyser Statens vegvesen.

To køyretøy vart nekta vidare køyring før gjenstandar i frontvindu var fjerna. Ein sjåfør fekk skrifteleg advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida. Vidare vart ein lastebilførar anmeldt fordi han ikkje nytta fartskriverkort i fartskrivaren under køyring.

To sjåførar fekk gebyr på kr 500 for ikkje å ha med vognkort under køyring. Ein varebil var nesten 300 kg for tung, og måtte laste av før videre køyring.

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.