Stryn gjekk på sitt andre strake tap i Kretsligaen då Florø 2 gjesta Stryn stadion måndag kveld.

Florø 2 stilte med eit ungt, men sterkt lag, medan Stryn mangla Justinas Busmic, Tanel Melts, Mathias Garlid og Erling Tenden Myklebust, alle ute grunna karantene.

Det gjekk fort når Florø 2 storma i angrep, ballen forflytta seg hurtig mellom lagdelane, og 0-1 og 0-2 kom etter nydelege angrep. Stryn reduserte til 1-2 på straffespark ved Mads Wie, men jubelen hadde knapt lagt seg før det stod 1-3.

Sekundar før pause fekk Stryn eit nytt straffespark, men denne gongen utnytta ikkje Wie mulegheita, og Stryn måtte dermed starte 2. omgang to mål bak.

I starten av 2. omgang hadde Stryn meir ball og var meir aggressive. Ruben Garlid reduserte til 2-3 etter timen, og laget jaga utlikning. Men igjen var Florø 2 dødeleg effektive, og 2-4 vart også til 2-5 med åtte minutt igjen på matchuret.

Stryn gav derimot ikkje opp, og to raske reduseringar av Mads Wie sette ekstra fart i heimelaget og publikum. Når så Stryn fekk tildelt frispark like utanfor 16-meteren var det for alvor håp om poeng, men dessverre vart skotet til Mads Wie blokkert.

Dermed enda kampen med hockeyresultatet 4-5, og bortesiger var nok totalt sett fortent.

- Vi møter eit veldig bra og ballbesittande lag som spelar raskt gjennom lagdelane våre, sa superveteran Jon-Terje Tjellaug som måtte vikariere på venstreback.

Stryn må no vinne sine resterande fire kampar om laget skal rykke opp.