Lab-analysene etter innbrotet på Universitetsmuseet i Bergen er klare, og politiet opplyser i følgje UiB at dei har fått resultat dei ønskjer å sjå nærare på.

Det var 12. august at tjuvar tok seg opp på eit stillas og inn gjennom eit vindauge og stal rundt 400 gjenstandar, mange av desse frå arkeologiske funn i indre Nordfjord. Gjenstandane stamma i hovudsak frå vikingtida, og publikum blir bedne om å melde frå om dei ser nokre av gjenstandane lagde ut for sal på internett.

To personar

Avisa BT skrivr at politiet har funne DNA etter to personar inne i Universitetsmuseet.

– Profilane blir sende vidare til Kripos, som vil undersøkje dei opp mot DNA-registeret, seier etterforskingsleder Anita Dahl til avisa.

Rektor ved Universitet i Bergen, Dag Rune Olsen, er forsiktig optimist etter den nye utviklinga.

– Det er gledelie at politiet har konkrete spor i saka. No håpar eg den vidare etterforskinga fører til at vi får ei oppklaring av kven som stod bak innbrotet, og at museet får gjenstandane tilbake, seier Olsen til UiB.

Også i Danmark

Måndag 28. august melde fleire danske media om innbrot i Danmarks Borgcenter i Vordingborg. Også denne gongen gjekk gjerningsmennene etter gjenstandar frå vikingtida. To personer vart pågripne kort tid etter innbrotet. Det har i etterkant blitt stilt spørsmål ved om hendinga i Danmark kunne ha nokon samanheng med innbrotet ved Universitetsmuseet i Bergen, men politioverbetjent Geir Lussand i Vest politidistrikt seier til UiB at det så langt ikkje er noko som tyder på ein direkte samanheng mellom dei to innbrota.