Oppteljinga av stemmene i Bergen blir forseinka på grunn av asfaltering til Sykkel-VM

Ved 23-tida var ikkje ei einaste av stemmene frå måndagen telt opp i Bergen, berre førehandsstemmer. Årsaka er at det blir asfaltert i byen før Sykkel-VM, skriv Bergens Tidende.

– Det har drygd litt på grunn av trafikale problem. På grunn av sykkel-VM asfalterer dei overalt, seier Elin Solberg, valansvarleg i Bergen kommune

Til avisa seier ho at dei første bilane med stemmer var i ferd med å komme. Deretter skal stemmene bli kontrollert, skanna og bli fintalt før dei blir resultata lagt inn og spreidd til verda.

– Men det kan dryge framleis ei stund, seier Solberg.

Sykkel-VM i Bergen er frå 16. til 24. september.

(©NPK)