Trygve Slagsvold Vedum under Senterpartiets valvake på Håndverkeren i Oslo. (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix)

Trygve Slagsvold Vedum under Senterpartiets valvake på Håndverkeren i Oslo. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Vedum:

- Vi er ei rørsle på vårt beste

Det gode valresultatet til Senterpartiet kjem av at partiet har vore tydelege på politikken, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Gratulerer med eit fantastisk valresultat, sa ein svært fornøgd partileiar til sine eigne på valvaken, og blei takka med jubel og trampeklapp.

Då var det klart at Sp ser ut til å gjere eit svært godt val. Siste prognose frå TV 2 var 10,2 prosent. Skulle det bli resultatet, vil det vere det beste resultatet sidan 1993.

– Men la dette berre vere ein start, sa Vedum og sa at Senterpartiet ikkje berre er eit parti, men ei rørsle når dei er på sitt beste.

Partileiaren meiner det gode valresultatet kjem av at Sp har vore tydelege på politikken, og siktet blant anna til sin motstand mot sentralisering og sin tydelege stemme for nærleik.

Vedum avslutta med å omfamne demokratiet og takkete alle som har stemt og som har gjort ein innsats for alle parti.

– Demokratiet vårt er strålande. Og til dei andre partia: Takk for kampen. Vi skal kjempe vidare.

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.