Glad: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) seier han er glad Staten vil vere med og spele kommunane gode. Arkivfoto
(Foto: Ekstern)

Glad: Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) seier han er glad Staten vil vere med og spele kommunane gode. Arkivfoto Foto: Ekstern

Blir trekt fram som kandidat til ny regjering:

- Hyggjeleg å bli nemnt

Sveinung Rotevatn var den einaste listetoppen frå Nordfjord under årets stortingsval, men med knappast mogeleg margin rauk han ut av Stortinget etter at Tore Storehaug (KrF) tok utjamningsmandatet.

No svirrar rykta om at Rotevatn likevel kan få store, politiske oppgåver i nær framtid: Fleire har lansert han som ein av dei heitaste kandidatane til ein post i regjeringa, etter at Venstre-leiar Trine Skei Grande har signalisert at det kan vere aktuelt for partiet å gå inn i regjering denne gongen.

VG lanserer m.a. Rotevatn som eitt av dei heitaste namna til ein statsrådpost saman med Abid Raja, Guri Melby og partileiar Grande sjølv.

- Kva tenkjer du sjølv om ei rolle som statssekretær eller minister, Sveinung Rotevatn?

- Det er alltid hyggjeleg å bli nemnt! Men no er eg på veg ut av Stortinget, ikkje på veg inn i regjering. Og eg trur partiet skal puste med magen, ta grundige diskusjonar internt og ha tillit til at partileiinga tar kloke val framover, seier Sveinung Rotevatn til Fjordingen.

Meir å lese på Fjordingen:

NM i rulleskiskyting

Johannes nummer to

– Brilliant måte å løyse det

Ein stryning fann løysinga med dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet brilliant i 1977.

Planlegg veterantreff

For første gong vert det planlagt treff for veteranar i Sogn og Fjordane.