Stryn sine handballherrar i 2. divisjon møtte Bergsøy onsdag kveld i Strynehallen. Som mot Stord på søndag vart det eit jamnspelt oppgjer som ikkje vart avgjort før heilt mot slutten. Og endå ein gong måtte Stryn gå poenglause av bana.

Til pause stod det uavgjort 12-12, etter at Stryn hadde ein særs god siste halvdel av omgangen. Starten på andre omgang vart dessverre eit mareritt for heimelaget som fekk tre utvisningar før det var gått fem minutt. Bergsøy opparbeida seg ei femmålsleiing som Stryn aldri greidde å ta att, sjølv om dei på slutten hadde fleire sjansar til å kome ajour.

Sluttresultatet vart 25-28, men med litt meir dyktigheit kunne det blitt poeng til heimelaget som periodevis viser at dei har noko på dette nivået å gjere.

Meir om kampen i fredagsavisa.