Spektakulær fotoshoot frå Marsåhyrna

Timbersports-utøvar Vebjørn Sønsteby fra Brøttum og basehoppar og vingeflygar Espen Fadnes frå Molde var nyleg i Stryn og Marsåhyrna på ein fotoshoot som dei seint vil gløyme.

Fotoshooten var ein del av opptakta til verdsmeisterskapet i tømmerhogst som går av stabelen i Håkons hall på Lillehammer 3.-4. november.

Under fotoshooten samarbeidde Vebjørn Sønsteby med Espen Fadnes for å skape eit ekstremsportbilde som aldri før har blitt laga. Hensikta med fotoshooten var å skape eit augeblikk der ein av dei eldste og opprinnelege ekstremsportane, tømmerhogging i konkurranseform, møter moderne ekstremsport (basehopping og vingeflyging).

- Bildet ble tatt ved Marsåhyrna i Stryn, og det tok fire dagar. Det var vanskelege verforhold, og ikkje lett å få til det perfekte augeblikket der Espen Fadnes flyg forbi Vebjørn i over 250 kilometer i timen, medan Vebjørn høggjer laus i Timbersports-øvelsen "Standing block chop", seier rådgjevar Erik Trosby i firmaet JCP PR.

Vebjørn Sønsteby seier at fotoshooten var krevjande:

- Vi måtte slåss over fleire dagar med dårleg ver og mykje vind, men då det til slutt sat vart bildet heilt rått. Det var ganske nervepirrande då Espen kom susande gjennom lufta. Han skulle fly så nærme oss som muleg, så han sneia meg og fotografen med berre nokre få meter. Då var det berre å halde roa og stole på at Espen hadde kontroll i lufta.

Meir å lese på Fjordingen:

Fylkesutvalet vil ha grensa ved Kjøshammaren

Tilrår at heile Kjøs vert innlemma i Stryn.

Etter alle utforkøyringane i Hornindal:

Forsterkar, set opp autovern og justerer brøytestikker

Etter dei mange utforkøyringane på fv 60 i Hornindal dei siste dagane set vegvesenet i verk fleire tiltak.

Ros for god utgreiing om grensejustering

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland fekk stor ros for ei god saksutgreiing då Fellesnemnda for nye Volda kommune handsama saka om grensejustering mellom Stryn og Hornindal torsdag.

Tilrår å avvise alle klagar

Rådmannen tilrår formannskapet å avvise klagene på tildeling av Oldenleiarne

Utbetring av dam Holevatnet

Prislapp på 19,5 millionar

Ber formannskapet om fullmakt til låneopptak