77 prosent av norske privathushald eig bustaden dei bur i. Samtidigviser statistikken at éin av ti personar bur trongt.

Det er omtrent2,3 millionar privathushald i landet, og blant desse eig 14 prosentbustadar i burettslag, mens 63 prosent er sjølveigarar, ifølgjeStatistisk sentralbyrå (SSB). Delen har berre endra seg minimaltsidan førre statistikk om buforhold som kom for to år sidan. Det erderimot betydelege forskjellar i eigarskap mellombefolkningsgrupper og ulike delar av landet, ifølgje SSB.

Det erpar med noko eldre barn som i størst grad eig eigen bustad, mensover halvparten av eineforsørgarar med små barn leiger bustadensin. Statistikken viser også at éin av ti personar og éin av tjuehushald bur trongt. Dette gjeld særleg barnefamiliar, hushald medlåg inntekt og innvandrarar. SSB reknar hushald for trongbuddedersom talet på rom i bustaden er mindre enn talet på personar ogtalet på kvadratmeter er under 25 kvadratmeter per person.

Dersoméin person bur på eitt rom blir dette også rekna som trongt. Etterdenne definisjonen bur 530.000 personar trongt.

(©NPK)