Heile "Oktoberfest-byen" i Stryn sentrum var vekk då folk kom på jobb måndag morgon. Stryn Ping Pong Club sitt store og velsmurde dugnadsmaskineri hadde i løpet av søndagen rigga ned samtlege telt og boder. Alt natt til søndag vart lys og lyd rigga ned.

Dermed er det eit heilt år til neste gong lederhosen og dirndl skal på, men om SPPC lever opp til tidlegare standard vert det meir dugnad og moro i deira regi lenge før den tid.