I ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru tysdag kontrollerte Statens vegvesen 38 køyretøy.

I sin kontrollrapport skriv Statens vegvesen at ein førar vart stoppa utan at sjåførkortet var i fartskrivaren, og at sjåføren vart meld for brot på køyre- og kviletida. Vidare fekk tre førarar skriftleg advarsel for mindre brot på køyre- og kviletida.

Sju sjåførar måttefjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring, og tre sjåførar fekk gebyr på 500 kroner for ikkje å ha med vognkort under køyring. Ein førar vartmeld for å køyre vogntog utan gyldig førarkort.