I følgje Moods of Norway har det til saman vore omlag 100 tilsette i selskapet, fordelt på Moods of Norway sine kontor i Stryn ogOslo og 18 Moods-butikkar over heile landet.

Det er no opp til bustyrar kva som skjer med vidare drift av selskap og butikkar etter at selskapet slo seg konkurs i dag.

- Eg kan ikkje svare heilt konkret kor mange som misser jobben i Stryn, men truleg omlag 10. Meir konkret enn dette kan eg ikkje vere før bustyrar bestemmer kva som skjer vidare, seier styreleiar Jan Egil Flo til Fjordingen.