Det planlagde folkemøtet på Bjørke komande onsdag vedrørande grensejustering av Bjørke krins vert avlyst. Det skriv styret i Bjørke Grendalag i ei kunngjering.

- Det har no oppstått ein situasjon derei eiga gruppe har teke initiativ til å sende søknad tilFylkesmannen og be om ei utredning av grensejustering av Bjørke ogViddal krins. Når Fylkesmannen har motteke ein søknad omgrensejustering har ikkje lenger Grendalaget noko rolle i denneprosessen, går det fram av kunngjeringa.

Styret i grendalaget skriv vidare:

- Fylkesmannen vil no, etter det grendalaget kjenner til,innhente informasjon frå dei berørte kommunane og utføre ei eigainnbyggjarundersøking. Dersom ingen av kommunane har innsigelsarkan Fylkesmannen avgjere saka. Dersom ein eller fleire av kommunanehar innsigelsar, vert saka overført til Kommunal- ogmoderniseringsdepartementet som tek den endelege avgjerda iprosessen.

På bakgrunn av dette ser ikkje grendalaget nokon grunntil å avhalde folkemøte og innbyggjarundersøking.