Ho har blitt heidra med Kringkastingsprisen og har blitt eitt av dei mest kjende fjernsynsfjesa i landet. Stødig og solid leia Ingunn Solheim oss gjennom valkampen, men størst stas var det nok å få lage direktesending på heimebane frå Hoven, så å seie med barndomsbygda i ryggen. Men eigentleg skulle ho ikkje vore journalist. Ho skulle vore jurist.

Barndommens grøne dal: Ingunn vaks opp rett ved Internatet på Langvin jordbruksskule.

Bardommens grøne dal, det er Innvik. Her budde Ingunn i ein av bustadane ovanfor Langvin-internatet, den gongen Langvin jordbruksskule var utdanningsinstitusjon i landbruksfag og også samla rekneskapsførarspirer frå heile landet.

Etter grunnskulen vart det Firda gymnas på Ingunn, og derfrå gjekk vegen rett inn i journalistikken.

– Eg jobba i NRK Sogn og Fjordane rett etter vidaregåande på Sandane. Så studerte eg statsvitenskap i Trondheim der eg jobba i NRK ved sidan av studia, fortel Ingunn.

På heimebane: Frå valsendinga Ingunn leia på Hoven.

Slutta for å få seg "ein skikkeleg jobb"

Men etter å ha jobba i Kanal 24 (no Radio Norge) og Tv2, sa ho opp, og studerte jus på fulltid. Ho hadde bestemt seg for å slutte med journalistikken og få seg «ein skikkeleg jobb».

– Men så fekk eg jobb i NRK si politiske avdeling og dermed var eg tilbake i journalistikken!

For tida jobbar ho som programleiar i Debatten på NRK og er kjend for god språkbruk og stødig leiing,

– Kva er det viktigaste med den jobben du gjer?

– Det viktigaste er å få fram dei reelle forskjellane mellom ulike meiningar og legge til rette for at det blir gode og engasjerande diskusjonar i studio. Og så meiner eg det er viktig at sjåaren kjenner at ein blir opplyst og lærer noko.

Difor likar ho det ikkje når politikarar kranglar og karikerer motstandaren sine argument.

– Slikt er berre forvirrande og irriterande. Og bortkasta tid. I verste fall orkar vi ikkje å sjå eller høyre på dei. Og det tapar alle på, seier ho.

Mor og far på besøk: Då Ingunn skulle leie TV-sending frå Hoven fekk ho besøk av mor og far, Bente Lien og Erik Solheim.

Samstundes meiner den røynde programleiaren at det skal vere både underhaldande og energisk i studio.

– Det må til for at vi skal halde på merksemda og unngå at sjåaren dovnar eller tar fram mobilen i staden for å følge med på TV! – Kva er det mest negative med å ha ein slik jobb?

– Eg kan eigentleg ikkje komme på noko. Mange av sjåarane våre er veldig engasjerte og har klare meiningar, og av og til rettar dei kritikk mot meg eller programmet. Men det er heilt forståeleg, seier Ingunn Solheim.

–Eg kan for eksempel få kjeft for å avbryte for mykje og kjeft for å avbryte for lite. Ofte kjem kritikken frå folk som enten heiar på den eg avbraut eller er ueinig med den som ikkje blir avbroten. Så det går litt opp i opp.

At nokon trur ho har ein politisk ståstad, det er irriterande, tykkjer ho.

– Hadde eg hatt det, hadde eg ikkje hatt denne jobben. Så enkelt er det!

Lunt og trygt

– Fortel om oppveksten din i Innvik og kva du hugsar frå desse åra?

– Innvik var trygt, lunt og eg har berre lagra minne av at folk var blide og snille. Slik eg hugsar det, var det som å vakse opp i ei Astrid Lindgren-bygd med epletre, fjordhestar, bålturar i skogen, bank, post, bokbutikk og frisk luft.

Å flytte til Førde baud på utfordringar, legg ho til.

– Eg har eit klart minne av at vi fekk gå bak kassa i butikken til Bjørn Vagstad og plukke laurdagsgodt. Så då eg flytta til Førde og gjorde det samme på kiosken der og fekk beskjed om å gå framfor kassa og peike på kva eg skulle ha, syntest eg Førde var ein rar og skummel plass...

– Saknar du Nordfjord?

– Nei. Men det er fordi eg kan reise dit så ofte eg vil og kan. Eg er så heldig at eg framleis har kontakt med venner frå både Innvik og Sandane. Så eg føler egentlig at eg aldri rekk å sakne Nordfjord.

– Kva er ditt beste minne frå oppveksten i Innvik?

– Det er så mange fine minne. Slik eg hugsa det, hadde vi ubegrensa mengder veldig god eplesaft heile året, kunne bruke sparken heile vinteren, i barnehagen fekk alle spele alle rollene når vi hadde skodespel om Bukkene Bruse og alt var berre idyll, ler Ingunn Solheim.

– Og så hugsar eg at eg og bestevenninna mi Ragnhild fann ein 50-lapp langs vegen. Vi såg veldig alvorleg på situasjonen og gjekk rett til lensmannen for å levere den. Trur kanskje vi til og med fekk finnarlønn!