Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vart nummer to på sprinten under NM i rulleskiskyting i dag. Stryningen tok inn seks sekund på sisterunden, men var fire sekund bak vinnaren Vetle Sjåstad Christiansen i mål. Thingnes Bø fekk ein bom på liggande, men skaut ein rask og feilfri serie på ståande.

- Det var ei god treningsøkt, og eg slo Tarjei, så det får vere ok, sa Johannes like etter målgang.

Tarjei Bø, Markane IL, fekk ein bom på liggande skyting, også han skaut fullt hus på ståande. Tarjei vart nummer fire i løpet, fem sekund bak tredjeplassen som gjekk til Erlend Bjøntegård.

Johan Eirik Meland, Markane IL, vart nummer 26 etter to bomskot totalt.

Seinare i dag skal Aksel Mathias Meland (Markane, klasse M19), Simon Hjelmeset Kirkeeide (Markane, M18), Magnus Midthjell Gjørven (Markane, M17), Eilev Aa Klokk (Stryn vgs, M17) og Sivert Raddum Skaug (Stryn vgs, M17) gå sine løp.

Løpa frå NM blir streama på skiskyttarforbundet si heimeside.