Vik hadde lite å stille opp med mot heimelaget på Stryn stadion laurdag ettermiddag.

Vegard Sæten Hopland og lagkameratane regelrett køyrde over bortelaget i første omgang og fekk stort spelerom, spesielt på kantane. 3-0 leiing til pause var ikkje eit mål for lite, snarare burde Stryn hatt både tre og fire mål til i 1. omgang. Vegard Sæten Hopland (2) og Jon-Terje Tjellaug sette inn Stryn sine mål før kvilen, og alle måla var eit resultat av nydeleg fotball.

Stryn slepte seg litt nedpå første kvarteret av 2. omgang, og trenar Johann Sigurdsson måtte pent be om kvalitet og konsentrasjon. Spelarane responderte på trenaren sine ønskjer, og laget gira igjen opp siste halvtimen.

Justas Busmic sette inn 4-0 før innbytar Marius Rauset sette i gang eit forrykande show. Først måkte han ballen opp i krysset frå tjue meter til 5-1, før han sette punktum med eit skot via stolpen og inn fem minutt før slutt. Både Rauset og lagkameratane hadde også fleire andre sjansar til å score.

- Vi hadde full kontroll på kampen, og planen om å bruke kantane mykje fungerte perfekt, seier kaptein Vegard Sæten Hopland. Dermed er Stryn tilbake på tabelltoppen. Sogndal 2 har sjansen til å gjenerobre førsteplassen om dei slår Tornado Måløy på måndag.

Meir om storsigeren i papiravisa.