Johannes Thingnes Bø frå Markane og Stryn vann fellesstarten under NM i rulleskiskyting i Sirdal søndag. Dermed var det eitt steg opp på sigerspallen frå i går, då han vart nummer to på sprinten.

Thingnes Bø skaut feilfritt, og var 23 sekund føre sølvvinnar Henrik L'Abee Lund og 28 sekund føre Lars Helge Birkeland som tok bronse.

Som i går vart Tarjei Bø nummer fire. Bø skaut tre bom og var dryge minuttet bak broren i mål. Johan Eirik Meland fekk 23. plass, noko som er identisk med plasseringa på sprinten i går.

- God gjennomføring i løypa og på standplass. Det var eit godt taktisk løp, og eg fekk gode svar, seier Johannes Thingnes Bø til Fjordingen.

Sigrid Flo Bødal frå Stårheim vart norsk meister i klasse K19. Flo Bødal skaut feilfritt på dei tre første skytingane, men sjølv med to bom på siste ståande var ho 30 sekund føre neste jente i mål.

Meir om NM i rulleskiskyting i papiravisa tysdag.