Mads Wie og Stryn  får prisen Månadens fair play for situasjonen der Wie med vilje sette straffesparket langt utanom mål. Ei misforståing førte til at ein skavøypollspelar tok ballen med hendene, dommar bles for hands og Stryn fekk straffe - til store protestar frå spelarane. Wie valde altså å setje ballen utanfor, og hendinga fekk stor merksemd i etterkant.

Det er Sogn og Fjordane Fotballkrets som deler ut prisen, og forslaget er sendt inn av motstandar i kampen, Skavøypoll.

- Dette var ein flott gest frå Stryn T&IL og viser Fair play i praksis. Når dette i tillegg var ein særs viktig kamp for Stryn med tanke på muleg seriemeisterskap og toppscorartittel til Wie, set det hendinga i eit enno betre lys! Vi gratulerer Mads Wie og Stryn T&IL med Månadens Fair play, og ønskjer å markere tildelinga med diplom og gåve ved seinare høve! skriv fotballkrinsen på si nettside.

Her kan du sjå Fair play-straffa til Mads Wie.