Odd Nordstoga sette eit solid punktum for Strynemessa 2017 med ein strålande konsert i ein fullsett lavvo.

Konserten inneheldt både heilt nytt stoff og gode, gamle kjenningar, og publikum, som sat som sild i tønne, sette tydeleg pris på begge deler.

Sjølv om det ikkje var tvil om kva som var favorittane: Heim te mor fekk taktfast klapping som følgje, og Ein farfar i livet vart møtt med stor applaus. Og så var det sjølvagt ekstranummeret: Kveldssong for deg og meg (Grisen står og hyler).

Då ljoma songen og applausen under duken i lavvoen, som eit verdig punktum for årets messehelg.