Etter eitt års fråvær gjer stafett comeback på verdscupprogrammettil skiskyttarane i Holmenkollen komande sesong.

– Stafett er jofavorittøvinga til Norge. Førre gong det var stafett her vann vigull, så vi vil gjerne bli heia fram til ny siger. Det er alt egønskar meg, seier skiskyttarstjerna Johannes Thingnes Bø.

Stafettenhan viser til er frå 2016. Norge vann då VM-gull på både herre- ogkvinnesida i det som var ein stor folkefest på heimebane.

Verdscupen i Holmenkollen startar med sprint torsdag 15. mars.Jaktstart for menn og kvinnestafetten går laurdag, medan rollene ersnudd dagen etter. Sist vinter vart det sett rekord med 24.000selde billettar til verdscuprenna i Holmenkollen.

Arrangøren hartru på endå betre tal no som stafett er tilbake på programmet.

– Istafett står vendepunkta i kø og spenninga er stor. Det er også eisvært attraktiv øving for publikum, så vi har trua på endå eitrekordår, seier dagleg leiar Kristin Vestgren Sæterøy iHolmenkollen Skifestival.

(©NPK)