Reiselivsnæringa i Norge sette i sommar ny overnattingsrekord forfjerde året på rad.

Talet på overnattingar går opp i alle dei firevestlandsfylka. Reiselivet slo augustrekorden frå i fjor og settesamtidig ny sommarrekord for fjerde år på rad. I august 2017 vardet 2,9 millionar overnattingar ved norske hotell. Det var 4prosent fleire enn augustrekorden frå 2016, melder Statistisksentralbyrå (SSB).

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 5prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 1 prosent iaugust. I alt var det 8.490.101 overnattingar ved hotella dennesommaren. Det er to prosent fleire enn rekordsommaren 2016.

God sommar for vestlandsfylka

I Sogn og Fjordane var det 906.038overnattingar i sommar. Det er ein auke på 9 prosent eller 73.451overnattingar frå sommaren 2016. Ingen fylke hadde større vekstmålt i reelle tal.

Hordaland opplevde ein overnattingsvekst på 3,99prosent samanlikna med førre sommar. Det svarar til ein auke på56.240 overnattingar, og fylket enda opp på 1.465.968 overnattingardenne sommaren.

Også Møre og Romsdal fekk ein solid auke i talet påovernattingar denne sommaren. Dei hadde 805.607 overnattingar, einauke på 21.840 overnattingar eller 2,79 prosent frå førre sommar.

Rogaland er det fylket på Vestlandet som har lågast vekst. Her gårtalet på overnattingar opp med 1,19 prosent frå førre sommar.Fylket hadde 784.599 overnattingar denne sommaren.

Gledeleg oppgang

– Knalltala for august har gitt ny sommarrekord for fjerde år pårad, og det gleder vi oss stort over. Samtidig veit vi at SSB ikkjefår inn korrekte og høge nok tal for overnattingar i hytter ogleilegheiter, verken frå Airbnb eller andre kjelder. Dei reelleovernattingstala er derfor høgare enn SSB får målt, seier NHOReiseliv-direktør Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

– Det erfantastisk å høyre at det blei endå ein rekordsommar i reiselivet.Det er gode nyheiter for ei næring som er viktig for norsk økonomiog som skapar arbeidsplassar over heile landet, seiernæringsminister Monica Mæland (H).

(©NPK)