Illustrasjonsbilde.
            (Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv))

Illustrasjonsbilde.Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

God sommar for reiselivsnæringa på Vestlandet

Reiselivsnæringa i Norge sette i sommar ny overnattingsrekord for fjerde året på rad.

Talet på overnattingar går opp i alle dei fire vestlandsfylka. Reiselivet slo augustrekorden frå i fjor og sette samtidig ny sommarrekord for fjerde år på rad. I august 2017 var det 2,9 millionar overnattingar ved norske hotell. Det var 4 prosent fleire enn augustrekorden frå 2016, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på norske hotellovernattingar gjekk opp 5 prosent, medan utanlandske overnattingar auka med 1 prosent i august. I alt var det 8.490.101 overnattingar ved hotella denne sommaren. Det er to prosent fleire enn rekordsommaren 2016.

God sommar for vestlandsfylka

I Sogn og Fjordane var det 906.038 overnattingar i sommar. Det er ein auke på 9 prosent eller 73.451 overnattingar frå sommaren 2016. Ingen fylke hadde større vekst målt i reelle tal.

Hordaland opplevde ein overnattingsvekst på 3,99 prosent samanlikna med førre sommar. Det svarar til ein auke på 56.240 overnattingar, og fylket enda opp på 1.465.968 overnattingar denne sommaren.

Også Møre og Romsdal fekk ein solid auke i talet på overnattingar denne sommaren. Dei hadde 805.607 overnattingar, ein auke på 21.840 overnattingar eller 2,79 prosent frå førre sommar.

Rogaland er det fylket på Vestlandet som har lågast vekst. Her går talet på overnattingar opp med 1,19 prosent frå førre sommar. Fylket hadde 784.599 overnattingar denne sommaren.

Gledeleg oppgang

– Knalltala for august har gitt ny sommarrekord for fjerde år på rad, og det gleder vi oss stort over. Samtidig veit vi at SSB ikkje får inn korrekte og høge nok tal for overnattingar i hytter og leilegheiter, verken frå Airbnb eller andre kjelder. Dei reelle overnattingstala er derfor høgare enn SSB får målt, seier NHO Reiseliv-direktør Kristin Krohn Devold i ei pressemelding.

– Det er fantastisk å høyre at det blei endå ein rekordsommar i reiselivet. Det er gode nyheiter for ei næring som er viktig for norsk økonomi og som skapar arbeidsplassar over heile landet, seier næringsminister Monica Mæland (H).

(©NPK)

Meir å lese på Fjordingen:
Siste nyheter

Posten åtvarar mot dårlegare tenester

Posten hevdar dei 165 millionane regjeringa løyver for å sikre post i fem dagar, er ein halv milliard mindre enn det faktisk kostar.

Følg med på kjøp og sal der du bur

Få oversikt over kva eigedomar som er kjøpte og selde i Stryn og Hornindal. Dette er eit tilbod til dei som abonnerer på Fjordingen. Kartet gir oversikt over kjøp og sal av eigedom for dei siste 30 dagane.

Operaen «Sildagapet» gjekk for smekkfulle hus:

– Hjartevarmande respons!

Søndag er det klart for TV-aksjonen

Verdas største dugnad