- Det kan blir tungt for mange selskap i Distrikts-Norge, trur direktør Per-Arne Tuftin i bransjeorganisasjonen Norsk Reiseliv og får støtte frå både Virke og NHO.

– Den internasjonale konkurransen er tøff, og ein prisauke i form av at momsen på reiselivstenester aukar frå ti til tolv prosent, får konsekvensar. Vi er derfor svært skuffa over at regjeringa foreslår å auke momsen, seier Per-Arne Tuftin i ei pressemelding.

– Momsauken kjem til å ramme mangfaldet i reiselivet og ikkje minst slå hardt ut for dei som driv hotell og opplevingsselskap i Distrikts-Norge, seier han.

Sjølv om besøkstala har gått oppover dei siste åra, har ikkje inntektene auka tilsvarande, ifølgje Tuftin. Han peikar på at innteninga varierer mykje rundt om i landet, og at eitt av tre hotell går med underskot. Ein momsauke legg ikkje forholda til rette for ein vidare berekraftig vekst i næringa, meiner han.

– Vi hadde venta at signala som kom i den såkalla reiselivsmeldinga om ei satsing på reiselivet, skulle gi seg utslag i statsbudsjettet for 2018, seier ein skuffa Tuftin.

Administrerande Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv er like skuffa og seier momsauken kjem som eit sjokk.

– Bedriftene har stolt på at regjeringa vil senke skattane for næringslivet, ikkje auke dei, seier Devold til avisa E24.

I hovudorganisasjonen Virke er reaksjonane like sterke.

– Dette kjem særleg til å ramme konkurranseevna i reiselivs- og kulturverksemdene, delvis ved at prisane går opp, og delvis ved at marginane blir skviste. Særleg distriktshotella kan blir ramma, seier administrerande direktør Vibeke Hammer Madsen i Virke til avisa.