Pilene peikar nedover for den globale matsikkerheita, skal ein tru rapporten Global Food Security Index (GFSI) , den globale matsikkerheitsindeksen. Målet med indeksen er å forstå den globale dynamikken i matsystema.

For første gong på fire år har indeksen no begynt å falle, skriv Nationen. Med matsikkerheit meiner ein sikkerheita for tilstrekkeleg tilgang på tilfredsstillande mat.

Les også: Aurebestanden nede for telling i Stryneelva

Rapporten legg auka migrasjon som følgje av politisk uro, tørke i Afrika og ein etterspørsel som aukar raskare enn produksjonen til grunn for utviklinga. Meir ulikskap i verda og eit meir sårbart klima spelar også vesentleg inn.

Når det gjeld Europa, utgjer Brexit ein «ekstrem risiko» for Storbritannias matsikkerheit og påverkar heile verdsdelen.

Av 113 land hamnar Norge på ein 13.-plass. Irland, USA og Storbritannia tronar på toppen. Når det gjeld naturressursar og deira haldbarheit, hamnar Norge på ein mykje dårlegare 42.-plass, mellom Paraguay og Madagaskar.

I rangeringa over sjøsikkerheit hamnar Norge aller nedst. Rapportforfattarane legg overfiske, algeoppblomstring og stadig lågare oksygennivå i vatnet til grunn for botnplasseringa.

Fleire Nationen har vore i kontakt med synest denne beskrivinga er i overkant mørk.

– Uavhengig av om det er så kritisk, så meiner eg det er heilt opplagt at vi både bør og skal ete meir fisk, men sjølv om vi doblar fiskekonsumet, så slår det lite ut på den totale matvaresikkerheita. Folk lever mest av brød og mjølk, seier Sp-stortingspolitikar Per Olaf Lundteigen til Nationen.