Matstova AS er tildelt Innovasjon Norge Sogn og Fjordane sinBedriftsutviklingspris for landbruket for 2017.

Prisen blir tildelt med bakgrunn i at Matstova AS er ei bedrift somhar vore eit føregangsdøme her i fylket når det gjeld utvikling ogsatsing på kortreist mat. Prisvinnaren har vokse mykje dei sisteåra og har vorte ein betydeleg arbeidsplass lokalt, der nestegenerasjon i familien no har overteke og vidarefører det somgrunnleggjaren, Ruth Guddal, har bygd opp, skriv Innovasjon Norge i ei pressemelding.

Gjennom utviklinga av bedrifta har prisvinnaren også vore eitføregangsdøme i kafe- og serveringsbransjen med å promotere menyarog tilbod av lokalmat. Dette er spesielt viktig i ein storreiselivsregion som Nordfjord, skriv Innovasjon Norge vidare i si grunngjeving.

Ruth Guddal har med utgangspunkt i ein gard med sauehald, overmange år bygd opp eit spennande bakeri som tilleggsnæring tilgarden, med produksjons- og serveringsverksemd og med base påFosnes i Oppstryn og seinare ei serveringsavdeling i Stryn. Det harheile tida vore ei familiebedrift med mor, og etter kvart dotter ogsvigerdøtrer. Barnebarnet Frank Sanchez Guddal fører no dennebedrifta trygt vidare.

- Utruleg kjekt og veldig stas å få denne prisen, seier Frank Sanchez Guddal til Fjordingen.

Prisen er på 50.000 kroner og vart delt ut underopninga av Fylkestinget i Florø tysdag. Som prisvinnari Sogn og Fjordane går Matstova AS vidare som kandidat tilInnovasjon Norge sin nasjonale Bedriftsutviklingspris.