Nesten 4 av 10 bilførarar på Sørlandet og Vestlandet har opplevdnestenulykker i mørket.

– Brukar du refleks er det mykje mindrerisiko for å hamne i ei ulukke. Refleks reddar liv, seierdistriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Einy undersøking gjennomført av Kantar TNS på vegne av Trygg Trafikkog SpareBank 1 har spurt kor mange av oss som har opplevd nesten-ulukker i trafikken. Tala er skremmande: 38 prosent av bilføraranepå Sørlandet og Vestlandet seier dei har opplevd å nesten køyre påein fotgjengar dei ikkje kunne sjå i mørket.

– Går du utan refleksi mørket vil ein bilist i 50 km/t berre ha 2 sekund på å oppdagedeg. Brukar du refleks har bilisten 10 sekund på seg. Det seier segsjølv at det kan redde liv, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Små marginar

Undersøkinga har også spurd nordmenn om dei brukarrefleks og kor ofte. 7 av 10 seier dei alltid eller ofte brukarrefleks. Det er berre eitt problem: Det er ikkje sant. Fysisketeljingar utført av Trygg Trafikk viser nemleg at berre 4 av 10faktisk brukar refleks.

– Det er små marginar mellom einestenulukke og det som kan bli ei alvorleg ulukke. Refleks er eibillig livsforsikring som kan være avgjerande. Bruk nokre minutt påRefleksdagen 19. oktober til å feste refleks på jakker og vesker såer du synleg i mørket, seier Heggestad.

Sørg for å bli sett

Fotgjengarane på si side har liknande opplevingar. På Sørlandet ogVestlandet har 40 prosent av dei gåande opplevd å nesten blipåkøyrd av bilistar eller syklistar når dei ferdast i mørket.

–Bilistar og syklistar har sjølvsagt eit stort ansvar for å unngå åkøyre på folk, men du må også sjølv gje bilistane ein sjanse til åoppdage deg i mørket. Sjølv om bilføraren køyrer forsvarleg og medflyt kan det vere vanskeleg å sjå folk som går utan refleks imørket.

Lokal markering i Sogn og Fjordane på refleksdagen den 19. oktober

I Måløy og Eid vidaregåande skular vil Fylkeskommunen,Politiet, Statens vegvesen, LO og Trygg Trafikk ha lokalemarkeringar om morgonen på refleksdagen den 19. oktober. Målgruppavert spesielt ungdom som vi veit ferdast mykje ute i mørke. Ogsåandre stadar i fylket vert det også markeringar med LO som i Årdalog Sogndal.