Reiarlaget The Fjords og verftet Brødrene Aa fekk tysdag overrektInnovasjonsprisen for universell utforming for den nyskapandefjordcruisebåten Vision of the Fjords.

Innovasjonsprisen foruniversell utforming blir delt ut av design- og arkitektursenteretDoga på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet og går tilprodukt, tenester og omgivnader som er godt lagt til rette foralle.

– Dette er heilt fantastisk morosamt. Vi har verkeleg satsapå universell utforming i heile byggjeprosessen. Prisen er eitbevis på at vi har lykkast med målet vårt om å lage ein universeltuforma båt for alle, sa kaptein John Nauckhoff i The Fjords da hantok imot prisen saman med Brødrene Aa. Prisen fekk dei overrekt avbarne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp), som strekaunder at universell utforming bidrar til inkludering.

– Dessutanviser forsking og analysar at universell utforming ersamfunnsøkonomisk lønnsamt. Innovasjonsprisen for universellutforming har gitt oss ei rekke eksempel på at universell utformingòg kan vere økonomisk lønnsamt for næringslivet, sa Horne.

I 2016kåra bransjeavisa Skipsrevyen det batteri- og dieseldrivneomvisingsskipet til årets skip. Den 40 meter lange turistbåten erbygd av Brødrene Aa i Gloppen på oppdrag for reiarlaget The Fjordsog er det første hybridskipet i verda i karbon. I alt 400passasjerar får plass i katamaranen, som går i rute på Nærøyfjordenmellom Gudvangen og Flåm.

Neste sommar får Vision of the Fjords eitsøsterskip, også det bygd av Brødrene Aa med tilsvarande design,men med heilelektrisk framdrift.

(©NPK)