Signe Elisabeth Belden frå Stryn vart laurdag norsk meister i 63-kilosklassen i styrkeløft.

I knebøy sette Belden like godt norsk rekord med 152, 5 kilo, og nye personlege rekordar i benkpress med 90 kilo og i markløft med 167,5 kilo. Totalt vart det 410 kilo, noko som også er norsk rekord.

Dermed er EM-kravet (397,5 kilo) og VM-kravet (407,5 kilo) i boks for styrkeløftaren. No ventar ho spent på om ho vert teken ut på det norske landslaget.

- Sjansen for plass er der sidan eg er den einaste som har teke EM-kravet to gonger, seier ein strålande fornøgd Signe Elisabeth Belden.

NM gjekk i Sande i Vestfold.