Stryn reiste seg meisterleg etter totalkollapsen mot Bergen HK laurdag. I dagens oppgjer mot Bjørnar i 2. divisjon handball hadde Oli Sveinsson sitt mannskap serieleiaren i kne store delar av kampen, og då sluttsignalet gjekk stod det 27-27 på resultattavla etter 60 intense minuttar.

Heimelaget var som forvandla samanlikna med i går. Stryn låg stort sett i front, men med to minutt att av kampen var Bjørnar føre med to mål. Då Kenneth Aaland først reduserte til 26-27, og Andreas Flo Tonning sette inn 27-27 halvminuttet før slutt stod stemninga i taket både på tribuna og på strynebenken.

- Dette er som ein siger å rekne når vi tenker på at det var Bjørnar som stod på motsett banehalvdel. I dag viste vi oss frå ei heilt anna side samanlikna med i går, seier Stryn sin linjespelar, Runar Walaker.

- I dag var det skikkeleg lagspel. Dette er eit sterkt resultat, konkluderte ein fornøgd trenar, Oli Sveinsson.

Stryn sin bestemann, Oddbjørn Håvik, hadde fleire avgjerande redningar, og spesielt i første omgang var han stor.

Stryn står med to poeng etter dagens kamp. Om dette spelet held fram bør sjansane for mange poeng absolutt vere til stades.

Meir om handballkampane i helga i tysdagsavisa.