Ifølgje Posten er «neste naturlege skritt» å kutte ned på talet pådagar med post. Dei ber om større handlingsrom frå politikarane.

Ifjor vart det slutt på postombering på laurdagar som følgje av eitdramatisk fall i talet på brev dei siste åra.

– Neste naturlegeskritt i tilpassinga av tenestetilbodet til marknadsutviklinga erreduksjon i talet på dagar for postomdeling, slik det er gjort ifleire andre europeiske land, skriv posten i sin kvartalsrapportfor tredje kvartal. Det er allereie planlagt å kutte talet påpostterminalar frå ni til tre og talet på postfly frå sju til treved årsskiftet. Dette inneber også at mange tilsette misser jobben.

Omstridd

Dersom det skal kuttast i talet på dagar med post, må detbestemmast av Stortinget. Debatten har på nytt blitt aktuell etterat regjeringa i statsbudsjettet foreslo å berre løyve 165 millionarkroner for å sikre postombering fem dagar i veka i 2018 – noko somer 540 millionar kroner mindre enn det Posten hadde bedt om.

Fleireopposisjonspolitikarar har hevda at dette vil føre til dårlegareposttilbod, og kanskje også kutt i talet på dagar. I sinkvartalsrapport skriv Posten at det er «heilt nødvendig med størreregulatorisk handlingsrom for raskare å kunne tilpassetenestetilbodet til marknadsutviklinga.»

Avviste skjult agenda

Iein debatt på NRK tysdag avviste samferdselsminister KetilSolvik-Olsen (Frp) at dei låge løyvingane til Posten var del av einplan om å kutte i tilbodet.

– Det ligg ingen skjult agenda i dette.Dette går på å prøve å løyve det som er riktig. Stortinget har sagtat dei ønsker postombering fem dagar i veka. Dersom vi skal endrepå det i framtida, blir det ein ny debatt i Stortinget først, saSolvik-Olsen.

(©NPK)