Tysdag kveld vart ein hjort påkøyrd på rv15 like aust for Nedstryn kyrkje. Sjåføren som køyrde på hjorten stakk av.

Kim Rune Flo, som var først på ulukkesstaden, fortel at hjorten levde då han kom til staden.

- Hjorten låg midt i vegen og levde, men døydde før viltnemda kom på plass.

Flo seier at det er mykje hjort langs vegane oppover Strynebygda, og oppfordrar til aktsam køyring.