På få dagar har fleire køyretøy køyrd i grøfta på fv 60 i indre Hornindal. Tysdag ettermiddag gjekk det gale for ein vogntogsjåfør som la seg ut på kanten då han møtte ein brøytetraktor. Brått var det ikkje meir kant igjen, og vogntoget seig utfor asfaltkanten og vart ståande bom fast i grøfta. Med 30 tonn last i tanken og totalvekt på 50 tonn kan det bli ein komplisert affære å få bilen på vegen att.

Utforkøyringa skjedde ved Indre Haugen. Få hundre meter lenger vest stod ein annan bil i grøfta, også han etter å ha kome utfor kanten.

Den utanlandske bilen kom utfor asfaltkanten og køyrde seg fast i grøfta på fv 60 i indre Hornindal. Foto: Fjordingen-tipsar