Det hender at eg «scrollar» på Facebook, men eg har ikkje så mange «venner» og bryr meg ikkje om «likes».

Av og til fangar likevel interessa mi enkelte ting, som denne «serien» med same namn som overskrifta mi på dette innlegget. Det er berre det at ofte er det bilde av ting og situasjonar som eg ikkje berre hugsar, men ting eg har i mi eige og brukar den dag i dag, som til dømes potetskrellaren med treskaft, som snart er utsliten, og eg er difor fast gjest på «Brukten» kvar torsdag for å sjå om dei har fått inn ein som kan brukast, for betre potetskrellar finst ikkje!

Viss eg har vore med å hesja, site på høylasset eller plukka poteter «på legd» eller «bytearbeid» hjå grannen, ja, då er eg ein erfaren person som har hatt ein fin barndom! Det hadde eg, trygt og godt med tre søsken og storfamilie på garden. Erfaring fekk vi gjennom arbeid på garden, for det var ikkje leik. Ikkje slik å forstå at eg tykte vi vart utnytta, alle måtte hjelpe til med gardsarbeidet. Arbeidet var tilpassa så godt det let seg gjere etter alderen og eg trur ikkje vi hadde vondt av det, snarare tvert imot! Vi hadde våre faste gjeremål kvar dag og når arbeidet var gjort, så leika vi, – ute! Høyrde nettopp om ei eldre dame som bur åleine og no under «halloween» hadde ho sett opp lys overalt utanfor døra og ute i hagen, kjøpt inn godteri og venta på «knask eller knep-ungar», men ingen kom. Ho vart skuffa og nokon sa: «Er du ikkje glad til-, det er no berre noko tull!» Nei, ho tykte det var kjekt å sjå ungar ute for ein gongs skuld. «Elles ser eg ikkje ungar ute lenger!» Tankekors!

Eg tenkjer tilbake på min barndom. Etter at vi gjerne hadde vore i potetåkeren ein heil dag, avslutta vi ofte med å leike rundt husa i tunet i mørket eller i lyset frå utelampa. Eg høyrer for mitt indre øyre kor det krasa i tørt lauv som bles i mild fønvind. Vi skremde nok kvarandre og, men du verda så spennande og kjekt det var! Nostalgi? Eg er kanskje «utgått på dato» sjølv om eg testa meg nyleg – ja, på Facebook! På bakgrunn av kva fargar, musikk, filmar, mat osv. eg likte, skulle «mediumet» tippe kor gammal er var. Eg vart 17 år! Lurte ei stund på om eg las feil, men nei, det stod 17 og ikkje 71!

Like gjerne som eg scrollar på Facebook, så går eg på Biblioteket og les lokalaviser for heile fylket, seinast i går. I går var mange av avisene fulle av bilde og rosande ord om Oselia som gjorde det så godt i MGPjr. At Eid kunne hente heim trofeet for andre år på rad. Gratulerer, godt gjort! Det andre store temaet i avisene i går, var namnet på det nye store vestlandsfylket. Ser at Aage Kristiansen vil at det skal heite Bergenhus (Bergenhus Amt heitte det før) så det er ikkje dumt. I kryssordverda er det ofte spørsmål om eit anna ord for fylke på tre bokstavar. Jau, amt! Eg hallar no til Bjørgvin, vi har allereie Bjørgvin Bispedøme (og Bjørgvin krets av Sjømannkyrkja); for vestlendingar er vi og blir vi likevel, ikkje «bergenhusarar» eller «bjørgvinarar»! Men kven skal bestemme namnet ? «Foreldre, fadrar eller besteforeldre?»

Anne Margrete Tonning"Besta-Tonning"