Ein våt sommar og haust har gjort til at det er fleire tusen tonnmindre poteter, gulrøter og lauk på lager før vinteren.

Grøntprodusentens Samarbeidsråd trur vi kan komme til å gå tommenår det nærmar seg vår.

– Vi ser at det allereie no er ganske storutsortering av poteter, så vi kan få i minste laget utpå våren,dessverre, seier dagleg leiar i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd,Morten N. Andersen til NRK. Landbruksdirektoratet oppgir i eipressemelding at dårleg vêr og regn må ta mykje av skulda for atdet er mindre grønsaker og poteter på lager i år.

Delen poteter pålager har gått ned med to prosent frå 2016 til 2017. Prosentdelengulrøter på lager har minka med åtte prosent, medan det er 17 prosentmindre lauk på lager i år enn i 2016. GrøntprodusentenesSamarbeidsråd er også uroleg for lagringskvaliteten.

– Den ekstremenedbøren i nokre av dei viktigaste dyrkingsområda gjer at vi erspente på lagringskvaliteten. Det får vi ikkje noko skikkeleg svarpå før utpå vinteren, seier Andersen til statskanalen.

(©NPK)