Det var til slutt Erlend Bjøntegaard med heile 19 treff som vann fellesstarten på Sjusjøen søndag. Johannes Thingnes Bø tok andreplassen 11,8 sekunder bak Bjøntegaard, men like foran Martin Fourcade på tredjeplass.

Tarjei Bø kom på femteplass bak Emil Hegle Svendsen. Altså fire norske blant dei fem beste søndag.

Johannes Thingnes Bø, som tok tredjeplass under sesongopninga laurdag, var veldig nøgd med å slå Martin Fourcade søndag.

- Eg er veldig godt nøgd med helga. Eg skyter ikkje bra nok, men alt kan vel ikkje vere bra. Eg trenger noko å jobbe meir med, men eg gler meg til fortsettelsen, sa Johannes til NRK etter målgang.