- Sjåføren har forklart at han la seg ut på sida då han møtte ein personbil. Han la seg ut mot brøytestikka, men då var det ikkje meir vegbane att, og høgre framhjul kom utfor. Dermed klarte han ikkje få bilen opp att på vegen. I staden velta vogntoget over på sida på jordet nedanfor vegen, seier politiet sin skadestadsleiar, Jan Tore Sunde.

Uhellet skjedde klokka 22.05 rett før krysset til Seljeset. Hornindal brannvesen var første redningsetat på staden. Dei sikra staden, tok hand om sjåføren og dirigerte trafikken forbi.

Bergingsbil er bestilt og kjem frå Vestnes. Politiet sin operasjonssentral opplyser søndag kveld at bergingsarbeidet vil pågå store delar av natta. Det vil vere omkøyring via Seljeset, men neppe for vogntog.

På veg til uhellet ved Seljesetkrysset stogga politiet også ved Fannemel der ein personbil hadde kome utfor asfaltkanten og stod fast i grøfta. Dei to i bilen var uskadde, og måtte rekvirere bilberging.

Vogntoget som velta er lasta med fisk. Bergingsarbeidet er venta å pågå mesteparten av natta. Foto: Bengt Flaten