I løpet at det neste året skal eigedomsskatten aukast med 50%.Dette er målet til Stryn kommune.

Det er prisen vi som bur her måbetale for fleire store prosjekt som skal gjennomførast i kommunen.Vil vi betale meir skatt enn nødvendig? I fredagsavisa kunne vilese om forslag til tiltak for skule- og kultursektoren iøkonomiplanen. Her er mange tiltak som dreg mykje pengar. Fleire avprosjekta er nødvendige, andre ikkje.

Ombygging av skulen påStoresunde til barnehage, utbygging av Tonning skule og bygge nybarnehage i Innvik til dømes. Dei to første er heilt nødvendige forå løyse kabalen for barn i Stryn. Barnehagane i Stryn og Loen erfulle, elevane på Tonning er plassert i brakker – likevel er detaktuelt å bygge ein heilt ny barnehage i Innvik, sjølv om viallereie har eit fantastisk bygg disponibelt i Utvik.

10 millionarer prisen for den nye barnehagen i Innvik. Kvifor skal vi betalemeir i eigedomsskatt for å betale for eit tilbod som allereieeksisterer? Kvifor ikkje plassere desse pengane på andre prosjektsom heile Stryn kommune kan nytte godt av?

Kommunen har eit mål ominnsparingar på 5 millionar kroner i 2018 – kor skal dette sparastinn? Det er ingen hemmelegheit at barnehagesituasjonen i Vikane ereit betent tema som skaper stor splid mellom bygdene. Argumentet omeit samla oppvekstsenter i Innvik er vi sterkt i mot. Vi meiner atdet samarbeidet som er no mellom barnehagen og skulen fungerer bra,og vi får trygge barn som startar i første klasse.

La oss ha einsterk barnehage i Utvik og ein sterk skule i Innvik, og få tilbakedet gode samarbeidet på tvers av bygdene. Dette klarte dei påByrkjelo og Reed, kor skulen no er på Byrkjelo og barnehagen påReed. I staden for å bruke pengar på ny barnehage i Innvik, kva medå lage til fleire tomter og legge til rette for tilflytting? Deisiste seks månadane har Vikane mista to barnefamiliar med til samansju skulebarn. Det er bekymringsverdig! Vi burde stå samla og jobbemot det som faktisk trugar oss mest – fråflytting.

Utvik vel ogutviklingslag