Tysdag skal Stryn kommunestyre handsame det formannskapet samrøystes vedtok 25. oktober;

- Grensa mellom Stryn og Hornindal blir justert når Hornindal blir ein del av Volda kommune. Stryn kommune vil tilrå at grensa blir justert slik at ny grense føl fjellkjeda mot nord mellom Stryn og Hornindal frå Gulkoppen til Kjøsahammaren og noverande grense mellom Eid, Stryn og Hornindal mot sør.

Les også: Ros til rådmann, ris til redaktør

I vurderinga frå rådmannen er det lagt vekt på at kommunegrensa blir ei fylkesgrense og ei føretaksgrense.

– For innbyggarane er Stryn om lag likestilt med Hornindal når det gjeld handel, arbeidsstad og bruk av kultur- og fritidstilbod. Det er noko variasjon etter kvar folk bur, alder, kjønn, men det store bildet er likevel at innbyggarane i området forholder seg jamleg til Stryn i kvardagen, nokre (14 %) også når det gjeld kommunale tenester, skreiv rådmannen.

– Denne grensa vil samle Maurset-grenda i ei kommune og den vil samle grenda som vi oppfattar i mange samanhengar strekkjer seg frå Isbakken lengst aust i Markane til og med Kjøs/Kongsvik, skriv rådmannen som meiner ei justering ikkje vil ha vesentleg å seie i høve forvaltning og økonomi.

– Området Markane/Kjøs er og vil bli eit viktig trafikknutepunkt for Indre Nordfjord og Sogn og Fjordane. Vi vil hevde at dette området er viktigare for Stryn, Nordfjord og Sogn og Fjordane enn for Møre og Romsdal, heitte det mellom anna i vurderinga av saka.